Grønavikjo båthavn

Nord i Kråko, i det lune sundet mellom Kråko og Stora Eldøy, ligg Grønavikjo båthavn, der små og store båtar ligg trygt i all slags vêr, i den store og lett tilgjengelege marinaen.

Her er godt med parkeringsplassar for båteigarar, og ei rampe til å setja ut eller ta på land båten. Herfrå har du lett tilkome med båt til både Fitjar sentrum og øyriket utanfor. For prisar og andre detaljar, last ned informasjonsbrosjyra under.

Har du spørsmål? Kontakt:
Frode Fitjar tlf 90120281
frode.fitjar@krako.no
eller Bente Fitjar tlf 97005308
bente.fitjar@krako.no