Kva skal du finna på i helga? I og omkring Kråko Sjøhytteområde er det kjekke aktivitetar året rundt.

 

Tveitafossen, Fitjar, Bilde 1

Parkering for tur til Tveitafossen, bilde 1

Turtips: Tveitafossen

Tekst og foto: Vidar Larsen

Tveitafossen har lett tilgjenge for dei fleste. Parker på høgre side nett før Grovebakkjen (bilde 1), følg sti/gardsveg ned mot Storavatnet (bilde 2). Er blaute parti, så støvlar/vanntette sko er å anbefala. Etter ca 1 km kjem ein fram til fossen(bilde 3). I dagar med mykje regn, er den eit mektig skue. For variasjon, kan ein følje stien langs elva oppover(bilde 4), den byrjar ved restar av grunnmur oppe ved fossen.  Kjekk tur for heile familien. Runden er på ca 3 km. God tur!

Tveitafossen, Fitjar, Bilde 2

Tveitafossen, Fitjar, Bilde 2

Tveitafossen, Fitjar, Bilde 3

Tveitafossen, Fitjar, Bilde 3

Tveitafossen, Fitjar, Bilde 4

START I VISTVIK Foto: Jørn Olav Myhre

OVER HAGEBERG  Foto: Jørn Olav Myhre

Turtips: Fitjar på tvers

Tekst: Jørn Olav Myhre

Denne ruta startar i Vistvik på E39 frå Sandvikvåg, og er på om lag 8km. På same måte som for Stord på langs må du også her gjere unna dei fleste høgdemetrane på dei første par kilometrane av turen. Føl traktorvegen frå parkeringsplassen opp langs Vistvikelva til dess du ser skiltet som leiar deg inn på stien til Tindane. Oppturen er relativ bratt, men dette får ein betalt for i form av ein fantastisk utsikt mot Kvinnherad og Folgefonna i aust og Samnanger i nord. Sjølve Tindaslottet er ei fin steinbu bygd av lokale grunneigarar i moderne tid, og her kan ein og overnatte om ein ønskjer. Uansett bør ein unne seg eit besøk på utedoen som må ha den beste utsikta frå noko toalett på vestlandet.

Turen frå Tindaslottet går på merka sti mot Grønafjellet og endar opp i stikrysset ved Mosavatnet.

For begge turane går no vegen nordover til Svartavatnet og den velkjente Kjerringo. Det som er mest vanleg no etter mølleparken kom, er å følgje stien langs Svartavatnet ned til lysløypa ved Midtvatnet og vidare ned til Olstjødna, der ein enkelt kan hentast med bil før ei vel fortent forfrisking på bryggekafeen eller på eigen terrasse.

Ønskjer ein å strekke turen enno litt lenger, så kan ein følgje stien frå Kjerringo over sjølve Midtfjellet, forbi Kyrkjevatnet og ned til Lomatjødno før ein endar opp i toppen av Fitjarstølane.

Viktig å hugse på:

Sjølv på dagstur er det viktig å vere førebudd på at veret kan snu. Sjå ut.no eller DNT sine nettsider for råd og tips til kva ein bør pakke med seg, og ha ein god tur.

UTSIKT MOT FOLGEFONNA Foto: Jørn Olav Myhre

GODT MERKA STI MOT GRØNAFJELLET Foto: Jørn Olav Myhre

FOSSABREKKO Foto: Jørn Olav Myhre

BØRTVEITKALDERASEN  Foto: Jørn Olav Myhre

Turtips: Stord på langs

Tekst: Jørn Olav Myhre

Dette er ein klassikar på Stord, og er ein tur på ca to mil der du bør setje av 6 til 7 timar frå starten på Heio til du er framme ved Olstjødno.

Sving av på E39 mot Fjellgardane. Det er køyreveg heilt opp til parkeringsplassen på Heio, og her startar turen med om lag 650 trappetrinn i den såkalla sherpatrappa opp Fossabrekko til varden i Kvelve. Deretter går stien rett nord mot toppen av Kvelve, forbi Martebrotet, langs Litle Tjødnadalen og ned i Store Tjødnadalen.

Her vil ein treffe på eit stikryss der ein enten kan gå vest mot Sørlileitet og eventuelt ende opp på Dalshaugane, aust til Børtveit og Jektevik, eller vidare nordover mot Mehammarsåta. Me vel å gå nordover, først over Børtveitkalderasen og Steinfjellet, før ein endeleg når varden på Mehammersåta, 749 moh. Dette er det høgste punktet på øya vår og byr på ein storslagen utsikt mot Haugesund i sør, Bømlo, storhavet  og Fitjarøyane i vest, kvinneheradsfjella og Folgefonna i aust, og Kvamskogen med Tveitakvitingen og Bergen med Lyderhorn mot nord.

På veg ned frå Mehammersåta kryssar ein kommunegrensa til Fitjar, og ein får Fitjarhesten på venstre hand med ein gong ein er nede. Turen fortset då i lett terreng forbi Djupatjødno og Mosavatnet, der ein treff på stikrysset frå Tindaslottet og Grønafjellet.

 

STORE TJØDNADALEN Foto: Jørn Olav Myhre

MEHAMMERSÅTO Foto: Jørn Olav Myhre

KART OVER BEGGE TURANE:

Du finn gode kart på nettsida ut.no

Badestrender i Kråko

Kart_badeplassar

1. Port Steingard. Ved sidan av PS Bryggekafe. Barnevenleg og langgrunt, men vær obs på båttrafikk til kafeen og gjennom kanalen. Tilkomst via sti rundt laguna frå PS Bryggekafe, og frå vegen til Vesthaugane Bryggje. Parkering ved kafeen og ved Vesthaugane Bryggje.

2. Port Steingard Nord. Lita strand nord for Stolpehus og fiskestover. Sandstrand med enkelte store steinar. Grunt innmed stranda, men det vert fort djupt. Parkering ved PS Bryggekafe.

3. Port Steingard Aust. Langgrunt og barnevenleg, naturleg lagune i Hellandsfjorden ved kanalen på austsida av vegen i Port Steingard. Her er gapahuk med høve for grilling. Parkering langs vegen eller ved PS Bryggekafe.

4. Dåvane. Lun og skjerma badeplass i Hellandsfjorden, langgrunt og godt egna for born. Parkeringsplass ved vegen og opparbeida gangsti ned til stranda.

5. Øskjeneset. Sandstrand heilt sør i Kråko.

6. Søre Kråkevågen. Badeplass inst i Kråkevågen. Lunt og skjerma, langgrunt. Parkering langs vegen.

7. Litla Eldøy. Sør på Litla Eldøy er ei naturleg skjerma lagune med naturstrand, omkransa av fine svaberg. Tilkomst med båt.

Melkevegen over Kråko

Nyt stjernehimmelen

Det er ikkje mange stader ein kan nyta stjernehimmelen nå for tida, med all lysforureinginga som er over alt.

I Kråko har vi valgt å ikkje ha gatelys.Mange av dei som har hytte i Kråko, har velt Kråko nettopp av denne grunnen. Det er herleg å komma til ein stad der ein kan nyta stjernehimmelen uforstyrra. Det gjev ein ekstra dimensjon til rolege helgar på hytta når ein kan gå ut om kvelden og sjå heile melkevegen strekka seg over hytta.

Resultatet er at i Kråko kan du nyta stjernehimmelen i klåre haust- og vinternetter, Du kan sjå melkevegen, stjerneskot, og nordlys. Vil du sjå fleire bilete av stjernehimmelen over Kråko? Klikk her.

Bli kjent med Kråko!

Vil du orientera deg om aktivitetar og hendelser som går føre seg på Kråko Sjøhytteområde?

Vil du lesa om god mat du kan laga av fangsten?

Vil du ha tips til noko å finna på i helga? I Kråko arrangerast konsertar, Skrønekveld, Lubbesildkveld, Quizkveldar, og konsertar i eit telt på Port Steingard i juli!

Når du abonnerar på Kråkoposten, får du e-post ein gong i månaden om alt som skjer i Kråko og området rundt. Det er heilt gratis.

Meld deg på HER slik at du ikkje går glipp av noko!

(foto: Jørn Olav Myhre)
Ta ein kaffe på PS Bryggekafé

I hjartet av Kråko finn du PS Bryggekafé; i Port Steingard, som vi kallar næringsområdet på Steingardseid, midt i Kråko. For informasjon om åpningstider og spesialarrangement, sjå PS Bryggekafe si nettside

Her vert servert  mat som er laga med omtanke, langsamt og med lokale råvarer. Her vert alt laga fra botnen av. Brødet vert bakt av surdeig. Menyen er enkel men god. Og til kaffien kan du kosa deg med ei Kråkobolle, som er PS Bryggekafé sin eigen kanelbolle bakt med kjærleik, kanel og kardemomme som malast for hand, og glasert med en herleg kryddersirup i det dei kjem ut av ovnen. I frysedisken finn du iskrem!

Gå ein tur!

Fjell- og skogsområda i nærleiken av Kråko er populært for fotturar, jakt og fiske. Stord/Fitjar Turlag er svært aktivt og arrangerar fellesaktivitetar året rundt, og har ei innholdsrik nettside.

Og på Kråko kan du gå tur, både på vegane, i terrenget, eller om du vil, kan du og hunden balansere på ei gamal brygge…

Kråko-turen – UT.no

På UT.no sine sider finn du mange tips om fotturar, blant anna har Jørgen Tranøy lagt ut Kråko-turen som eit turforslag. Her er link til skildring og bilete frå Kråko-turen. På med skoa, finn fram termosen, og riktig god tur!

Bruk gjerne #kråko når du legg turbileta ut på instagram.

 

(foto: Mette Fitjar)
Padla på blikk stille sjø

Fitjarøyane byr på eit rikt utval av kystopplevingar. Her er frisk, rein skjergard med høve for båtturar, dykking, kajakkturar, segling, bading, fiske og andre familievennlege aktivitetar. Kort avstand med båt til Fitjar sentrum og idylliske Brandasund og Bekkjarvik.  Engesundsleia dannar den indre skipslægja i vest. Herifrå ligg Fitjarøyane opne, øy etter øy, eit eldorado for rike opplevingar.

Padla kajakk er moro. Her er link til padlekart for Fitjar og Bømlo

fisk frå Storavatnet på grillen

Ferskvannsfiske

I Storavatnet kan du få vera med å fiska røye og aure!

Knut Berge Aarbø tek med seg grupper på fiske, gjerne innlagt strandhogg og steiking av fisken på bål, med bålkaffi og gode historier!

Han arrangerar og fiske etter småaure i elv, der borna i familien er absolutt garantert å få fisk!

Ta kontakt med Knut Berge Aarbø på tlf 415 41 193 eller skriv e-post til knutberge@online.no

(foto: Engesund Fiskeoppdrett)
Besøk Engesund Fiskeoppdrett!

Engesund Fiskeoppdrett og Visningsanlegg er ope kvar dag i skuleferien, og elles i året kan ein ringe og bestilla omvisning. De serverar òg herlige smårettar basert på laks eller aure frå eige anlegg.

Ein veldig kjekk aktivitet for heile familien. Så ta med gjengen, reis og sjå korleis eit moderne lakseoppdrett vert driven! Dei henter dykk på kaia i Fitjar sentrum med eigen båt, og tek dykk med på ein frisk tur i sin RIB-båt, og turen ut til anlegget er like flott som sjølve besøket der.

Du finn kontaktinformasjon, meny og prisar på deira heimeside www.engesund.no

(foto: Håkon C. Hartvedt)
Nyt den korte reisetida!

Med fritidsbustad i Kråko har de kort reisetid til hytta.

Reisetid frå Leirvik er 40 minutt, frå Haugesund 1,5 time, frå Bergen  knappe 2 timer og frå Stavanger knappe 3 timar.

Reisetid frå hytta på Kråko inn til Fitjar sentrum er berre 10 minutt når du skal handla noko, eller du kan ta handleturen med båten og fortøya ved kaien til Spar Fitjar/Larsen ved Sjød’n.

Vidare utbygging av stamvegsambandet mellom Bergen og Stavanger vil korte reisetidene ytterlegare, og om ein del år forventar vi ferjefritt samband på strekninga.

Du kan lese mykje om Fitjar på Wikipedia

Stord Golfklubb

Stord har golfbane! Ein 9 hulls parkbane. Banen er open heile året, sommargreen med forbehold om frost.

Drivingrangen er open.  Du kan kjøpa kort for bruk av drivingrangen.

Du må bestille starttid i golfbox før du kan gå ut.

Dette kan du gjera med ein app som du hentar ned frå din appstore.

Stord golfklubb har Facebookgruppe og har eiga nettside.

Haugaland Golfklubb

Berre ca ein time frå Kråko finn du ein 18 hol golfbane, i Sveio.

Du finn informasjon om banen HER