^
klikk på dei tre strekane for å sjå full meny for nettsida

Nyt stjernehimmelen

Det er ikkje mange stader ein kan nyta stjernehimmelen, med lysforureinginga som er over alt.

I Kråko har vi veld å ikkje ha gatelys, og dermed er stjernehimmelen spesielt praktfull i Kråko. Mange av dei som har hytte i Kråko, har bygd hytte i Kråko nettopp av denne grunnen. Det er herleg å komma til ein stad der ein kan nyta stjernehimmelen uforstyrra. Det gjev ein ekstra dimensjon til rolege helgar på hytta når ein kan gå ut om kvelden og sjå heile melkevegen strekka seg over hytta.

Resultatet er at i Kråko kan du nyta stjernehimmelen i klåre haust- og vinternetter, Du kan sjå melkevegen, planetar og stjerneskot. Av og til kan du også sjå nordlys.

Kan du kjenne att dei vanlegaste stjernebileta? Karlsvogna er velkjend for dei fleste. Det er kjekt å gå ut om kvelden og sjå om vi kan kjenne att denne og fleire konstellasjonar.

Vil du vita meir om stjernehimmelen? Eit artig reiskap som de kan ha på hytta er ei planisfære. Dette er eit bevegeleg stjernekart som er lett å bruke. Du snur på skiva og stiller inn etter dato og klokkeslett, så har du ein grei oversikt over stjernehimmelen slik han ser ut nett no. Du kan sjå korleis den ser ut HER.

Ei kjekk Facebook side å følga er Stjerneklart. Der finn du siste nytt frå verdsrommet!

Vil du bestille ølsmaking med innlagt stjernetitting? I stjerneklåre kveldar kan vi ordne med ein entusiastisk amatør som kan peike ut dei vanlegaste stjernebileta, som ein del av ølsmakinga. Ta kontakt med PS Bryggekafe på tlf 41 42 80 38‬

Vil du leiga deg ei hytte for å prøva korleis det er å nyte stille kveldar i eit sjøhytteområde med minimal lysforureining? Sjå hytter til leige i Kråko HER.

Sjå oversikt over ulike hyttemodellar under stjernehimmelen i Kråko HER

Stjernehimmel over Kråko
Foto: Jørn Olav Myhre
Melkevegen over Kråko
Foto: Jørn Olav Myhre
Melkevegen over Kråko
Foto: Jørn Olav Myhre
Har du sett melkevegen
Foto: Jørn Olav Myhre
Nordlys over Kråko
Foto: Jørn Olav Myhre
Fullmåne over Vestbøstadtjønna ved Kråko
Foto: Jørn Olav Myhre