^
klikk på dei tre strekane for å sjå full meny for nettsida

Om Kråko

Kråko Sjøhytteområde ligg på ei halvøy 4 km vest for Fitjar sentrum. Delar av området ligg vendt mot idylliske Hellandsfjorden og ein stor del av området er vendt vestover mot Fitjarøyane og den indre skipslægja. Kråkohalvøya er på ca 1 600 daa. Området er regulert til fritidsbustader av ulike slag. Det er vidare sett av areal for naust, båtplassar og diverse friareal.

Dei fleste byggeområda gjev plass for 10-20 hytteeiningar. I gjennomsnitt er tomtene ca 1 daa, men dette varierer ein del. Mellom byggeområda er det sett av romslige areal som ikkje skal utbyggjast. Knapt 1/3 av samla areal i Kråko vert brukt til hyttetomter når området er ferdig utbygd. Pr april 2024 er det bygd ut ca 300 hytter/solgte tomter i området.

Tekniske anlegg
All ny utbyggjing i Kråko vert knytta til det tekniske fellesanlegget. Årsavgifter 2024 for hytter: Veg kr 1448,- Avløp kr 5100,- Vatn kr 2575,- Sum kr 9123,- Det gjeld særskilte satsar for naust. Årsavgift vert fakturert 1 gong pr år i april månad. Alle eigarar (heimelshavarar) av tomter der det er innbetalt for bruksrett for tekniske anlegg, vert fakturert årsavgift for veg frå det tidspunkt ein får heimel på eigedomen. Årsavgift for avløp og vatn vert fakturert frå påkoblingstidspunktet.

Breiband
Det vert lagt tekkerør for fiberkabel inn til alle tomter. Abonnement for breiband/TV/fasttelefon kan tingast hos Fitjar Kraftlag www.fitjar-kraftlag.no 

Renovasjon og eiendomsskatt
Det er pliktig deltaking i kommunen sitt opplegg for renovasjon. Container for hytteavfall er plassert i området. I Fitjar sentrum og i Svartasmåget er punkt for kildesortering. Sjå ellers www.fitjar.kommune.no   og   www.sim.as/  . Renovasjonsavgift betalast til SIM/Fitjar kommune. Fitjar kommune har innført eigedomsskatt som også omfatter fritidseiendommar.

Brøyting

Hovudvegen og dei fleste sidevegane vert brøyta. Nærmare info hos utbyggjar.

Drift og vedlikehald av avløpspumper

Avløpsvatn vert dels transportert ved naturleg fall og dels med avløpspumper. Det er ABS Norge AS som har prosjektert pumpesystemet for avløpsanlegget og alle pumper som vert påkobla trykkavløpsledning, skal vera i samsvar med beskrivelse gitt av ABS Norge AS (pumpetype, ledningsdimensjon m.v.). Kråko Utvikling AS har organisert opplegg for vedlikehald av avløpspumper. Dette er ei frivillig ordning der den einskilde pumpeeigar inngår avtale og får utført avtalt ettersyn av avløpspumpe. Det er lagra ekstra pumpe på Fitjar, og denne kan nyttast som reservepumpe dersom det skulle bli behov for dette. Dei som har inngått avtale om årsvedlikehald av avløpspumpe, har tilgang til reservepumpe. Merk for øvrig at den beste sikringa mot driftsproblem er at kvar enkelt sikrar at avløpet på eiga hytte ikkje vert tilført fett og gjenstander som kan skada pumpe og/eller ledningssystem. Dessutan er jevnleg ettersyn og spyling sterkt å anbefala. Det er Rør & Handverk Service AS som etter avtale har ansvar for vedlikehaldsordninga for avløpspumper. Vakttelefon er 98215584. Dersom du ønsker å teikna avtale om pumpevedlikehald kan du kontakte Rør & Handverk Service AS på e-post: anders.bjork@vb.no

El-forsyning
Fagne AS er nettleverandør for el-forsyning til området og tomtekjøpar må betala anleggsbidrag ved tilknyting.