Om Port Steingard

Port Steingard er ein møtestad i hjartet av Kråko.

Eit knutepunkt for fritid og næring, ein møtestad for hyttefolk og fastbuande, ei urban lomme i eit landlig sjøhytteområde.

Namnet Port Steingard sitt namn har utspring i det gamle namnet på denne staden: Steingardseid. Her var ein lang steingard som gjekk tvers over det smale eidet frå Hellandsfjorden til Steingardseidosen. Det var ingen kanal i dei dagane, den har vorte bygd etter at vi tok til å utvikla Kråko som sjøhytteområde. Port spelar på de norske ordet port, fordi hamna her er ein port som opnar seg mot opplevingar i Fitjarskjergarden, og på engelsk tyder port ”hamn”, så Port Steingard er både ein port til nye eventyr, og ei hamn å koma heim til.

Fiskestover

Fiskestovene (10 stk) saman med stolpehusa (5 stk) var første steg i byggjeprosjektet. Desse bygga skipar til saman eit unikt miljø der ein kan oppleva frisk sjøluft og måkeskrik. Vi har lagt stor vekt på utforminga av området slik at det skal vera godt å bruka og med spenstig arkitektur.

Historisk forankring Omgrepet “Fiskestove” har historisk forankring i området her. I eldre tider hadde ein del fitjarbønder Fiskestover i dei ytste øyane, særlig i Brandasund-området. På den tida var årer og segl framdrifta i båtane og ein kunne ikkje alltid rekke den lange vegen frå Fitjarbygda til fiskeplassane ytst i Selbjørnsfjorden og tilbake på ein og same dag. Derfor blei Fiskestovene etablert og nytta som landbase ,særlig for haustfisket.

Stolpehus

Stolpehusa har fått dette namnet på grunn av den unike konstruksjonen. Bygga er lagt i svak vifteform langs ein bergvegg. På første plan er eit trapperom som inngangsparti, ein bod og plass til bil. Frå plan 2 og 3 kan ein nyta sjøutsikta og lyset frå vest.

Det første stolpehuset vart ferdig og tatt i bruk hausten 2016.
Dette bygget husar arkitektstudio, møte- og opphaldsrom, kjøken, bad og soverom. Romslege terrassar,  overbygd uterom, parkering for både bil og kajakk, og eigen båtplass. Bygget er i høy grad tilpassa kundens spesifikke behov.

Vi har byggemeldt totalt 5 stolpehus i området. To av desse er seld. Dei passar spesielt godt for næringsdrivande som ser verdien av å ha eit fotfeste i Port Steingard.
Ta kontakt med Johs. Sandvik på Tlf 916 67 961 eller johs.sandvik@krako.no for å få tilsendt prospekt på Stolpehus.

Næringsbygg

Neste steg i utbygginga av Port Steingard var det bygget som i dag husar PS Bryggekafé, mikrobryggeriet ELØ og Fitjar Islands.

PS Bryggekafé har ope i helgane i skuleferien, og utanom dei faste opningstidene er er mykje spennande som skjer av kurs, konsertar, lubbesildkveld, skrønekveld, pubkveld, quiz, ølsmaking og andre arrangement. Det er òg høve til å tinga kafén til lukka arrangement, både for private og bedrifter. Informasjon om kaféen finn du på deira nettside HER, og du kan fylgja dei på Facebook HER.

Mikrobryggeriet En Liten Øl vart etablert i 2015 og er i sterk vekst. Dei har vunne fleire prisar for ølet sitt, og dei har ope ølutsalg på kvardagene og laurdagar. Ølsmaking arrangerast i samarbeid med PS Bryggekafé. ELØ si nettside med meir informasjon finn du HER.

Fitjar Islands produserar såpe og barberprodukt med dufter som er inspirert av det friske kystlandskapet omkring Fitjar. Dei har ope i arbeidstida dersom du vil sjå, lukta og kjøpa produktene deira. Fitjar Islands sin nettbutikk finn du HER.

Badestrender

Det er to badestrender i Port Steingard, ei på sida av PS Bryggekafé, og ei nord for Stolpehusa og Fiskestovene. I tillegg er det eit friområde med gapahuk og badestrand på austsida av vegen. Alle desse tre strendene er langgrunne og godt eigna for born.

Naust og båtplassar

Vesthaugane bryggje er ei rekkje trivelege naust på vestsida av Port Steingard. Det er framleis naust til sals i dette anlegget, sjå meir informasjon HER. Det er òg høve til å leiga båtplass i Port Steingard, både på vestsida ved Vesthaugane Bryggje, og på austsida nord om Fiskestovene.

Gjestehamn

I Port Steingard Gjestehamn er du velkomen med båten din, og du betaler hamneavgift enkelt og greitt på telefonen din. Her er strøm og vatn som båten kan koplast på.

Framtida

Vi stoppar ikkje her, men har mange planar for vidare utvikling av Port Steingard vidare!

Ta gjerne kontakt dersom du er bedriftseigar med tankar om kva Port Steingard kan brukast til.