Kråko Sjøhytteområde - Fitjar

Kråko Utvikling AS

Kråko Utvikling AS har bygd ut felles infrastruktur for Kråko Sjøhytteområde. Dette vart ferdig i 2007. Selskapet har også ansvar for drift og vedlikehald av dei tekniske anlegga.
Det er dei 6 største grunneigarane i området som er aksjonerar i Kråko Utvikling AS.
Kråko Sjøhytteområde ligg på ei halvøy 4 km vest for Fitjar sentrum. Deler av området ligg vendt mot idylliske Hellandsfjorden og ein stor del av området er vendt vestover mot Fitjarøyane og den indre skipsleia. Kråkohalvøya er på ca 1 600 daa. Området er regulert til fritidsbustader av ulike slag. Det er vidare sett av areal for naust, båtplassar, diverse friareal m.v. Dei fleste byggjeområda gir plass for 10-20 hytteeiningar. I gjennomsnitt er tomtene ca 1 daa, men dette varierer ein del. Mellom byggjeområda er det sett av romslege areal som ikkje skal utbyggjast. Når området er feredig utbygd, vil ca 2/3 av samla areal forbli ubebygd.
Pr mai 2010 er det bygd ut ca 80 hytter/selde tomter i området.

Tekniske anlegg
All ny utbyggjing i Kråko vert knytta til det tekniske fellesanlegget som Kråko Utvikling AS har bygd ut, og det er dette selskapet som har ansvar for drift og vedlikehald av anlegga.

Avgiftssatsar 2010 (inkl mva)
-Veg kr 680,-
-Avløp kr 2 750,-
-Vatn kr 1 592,-
-Sum kr 5 022,-

Årsavgift vert fakturert 1 gong pr år i april månad. Alle eigarar (heimelshavarar) av tomter der det er innbetalt for bruksrett for tekniske anlegg, vert fakturert årsavgift for veg frå det tidspunkt ein får heimel på eigedommen. Årasvgift for avløp og vatn vert fakturert frå påkoblingstidspunktet.

Drift og vedlikehald av avløpspumper
Avløpsvatn vert dels transportert ved naturleg fall og dels med avløpspumper. Det er ABS Norge AS som har prosjektert pumpesystemet for avløpsanlegget og alle pumper som vert påkobla trykkavløpsledning, skal vera i samsvar med beskrivelse gitt av ABS Norge AS (pumpetype, ledningsdimensjon m.v.). Kråko Utvikling AS har organisert opplegg for vedlikehald av avløpspumper. Dette er ei frivillig ordning der den einskilde pumpeeigar inngår avtale og får utført avtalt ettersyn av avløpspumpe. Det er lagra ekstra pumpe på Fitjar, og denne kan nyttast som reservepumpe dersom det skulle bli behov for dette. Dei som har inngått avtale om årsvedlikehald av avløpspumpe, har tilgang til reservepumpe.

Merk for øvrig at den beste sikringa mot driftsproblem er at kvar enkelt sikrar at avløpet på eiga hytte ikkje vert tilført gjenstander som kan skada pumpe og/eller ledningssystem. Dessutan er jevnleg ettersyn og spyling sterkt å anbefala.

Det er Fitjar Småbåt & Fritidsservice AS som har ansvar for vedlikehaldsordninga for avløpspumper. Dei har bistand frå ABS Norge AS. Vakttelefon er 944 30 500.

El-forsyning
Fitjar Kraftlag har bygd ut el-forsyninga til området og tomtekjøparar må betala p.t. kr 26 500,- i Anleggsbidrag for el-forsyning. Beløpet vert fakturert frå Fitjar Kraftlag når kjøpar oppnår heimel på tomten. Hertil må tomteeigar betala p.t. kr 6 000,- for straummålar/montering av straummålar. Dette beløpet vert betalt ved påkobling. Ved kjøp av ferdige bygg er Anleggsbidraget normalt inkludert i kjøpesummen dersom ikkje anna er avtalt.

Utbyggjing av Kråko Sjøhytteområde
Dei 6 hovudgrunneigarane står kvar for utbyggjing av sine område. Oversyn over utbyggjarar og utbyggjingsområde er vist under.