Båtplassar

Det er ikkje mykje som kan samanliknast med fridomskjensla når du tøffer ut sundet i ein båt som er fylt med fiskereiskap eller familiemedlemmar, eller begge deler! Pledd og badedrakter er med, kanskje ei krabbeteine eller to. Eller en vinterdag, med frostrøyk på vatnet og kaffi på termosen, ut for å dra garn eller sjekka om det er torsk i rusa. Men har du båt, må du òg ha båtplass. Du søv godt når du veit at båten ligg trygt. Anten du har cabincruiser eller robåt, det fins flere høve for å leiga eller kjøpa båtplass i Kråko. Her ser du kva du kan velja blant: