Visningsdag i Kråko Sjøhytteområde
sundag 5 juni 2022, kl 13-17
Du kan treffa grunneigarane for visning og ein prat!
Ta gjerne kontakt med den enkelte grunneigaren på førehand dersom du er spesielt interessert i eit av prosjekta, du finn telefonnummer her:
Drageidklubben Lune og solrike sjønære tomter rett oppom den lune og solrike Grønavikjo.
Skykkjeneset Terrenget her er barnevennleg, lett og fritt. Her kan du nyta sola fra ho står opp om morgonen til seint på kveld, og tomtene er sjønære, så det er rike høve for å dyrke badeliv og båtglede i dette hytteområdet.
Grindbu Hytte som er spesielt utvikla med omsyn til bærekraft.
Vesthaugane Tomter på Vesthaugane, som passer svært godt til spenstige funkis-bygg, med det frie utsynet mot Fitjarøyane, eller flott utsyn mot Fitjarfjellet.
Grønasildro Ferdig planerte utsiktstomter i Grlnasildro. Grønasildro er eit høgdedrag på oppsida av Kråkevegen, litt sør for Dåvane. Tomtene har panoramautsikt mot Hellandsfjorden, med Fitjarfjella i bakgrunnen.
Hellandsstraumen Desse attraktive strandhusa har eit moderne uttrykk. 2 er solgt, og 2 stk. er under ferdigstilling. Nær Hellandstraumen – heilt på bryggekanten. Badeplass i anlegget, båtplass følgjer med. Takterrasse på alle bygga.
Søra Kråko Planlagt innflyttingsklare hyttenaust sør i Kråko, til sals inkludert parkering og båtplass. Desse tre hyttenaust/strandhusa ligg heilt sør i Kråko. To av desse er allereie seld.