Sommarkonsert på Kråko laurdag 20. juli 2019

Vamp

Billettar kan kjøpast HER
Sommarkonsert på Kråko er ein utekonsert med god stemning og servering av handverksmat og drikke.

Vamp

Vi er utruleg glade for at VAMP skal spela på vår sommarkonsert 20. juli 2019.
Repertoaret til Vamp er fullt av kjende og kjære songar som dei kan ausa av på konsertene sine, blant anna Tirn’a Noir, Liten Fuggel og Månemannen. I tillegg kjem dei sikkert til å spela mykje stoff frå sitt aller siste album, «Brev».
Det er berre å gle seg! Billettar kan kjøpast HER  –  billettpris førehandssal kr 450,-

Billett kjøpt på konsertdagen vil kosta 470,-, så det løner seg å sikra billett på førehand.

TRENG DU SKYSS?

BUSS T/R LEIRVIK kr 150,- pr pers. (betalast på bussen) Bussen går frå Leirvik kai via Kiwi Sagvåg, kl 17:30. med retur kl 01:00 Du kan tinga plass på bussen ved å senda sms med namn og antall personar til tlf 41270321

… og ikkje nok med det: Etter Vamp tek

OLE ANDRÉ WESTERHEIM

og band over, med
Queen Tribute etterfulgt av 80-talls party.

Så set av datoen laurdag 20. juli, på Port Steingard, på området utanfor ELØ og PS Bryggekafé.

Vi tek kort!

Alt sal av mat og drikke vil bli med bongar, som må kjøpast på førehand. Du kan kjøpa bongar på konsertområdet, og betala med kort. Ingen grunn til å ta med seg kontantar!