^
klikk på dei tre strekane for å sjå full meny for nettsida

 

Sommar i Kråko 2020

Sommaren 2020 blir ein svært annleis sommar, med restriksjonar som gjer at store arrangement er avlyst.

Men noko må vi finna på.

Dersom myndighetane held fast på det dei har skissert, om at det frå 15. juni skal verta lov å samla inntil 200 menneske til offentlege arrangement, har vi ein plan: Sommar i Kråko er lune, små arrangement i eit telt ved kanalen utanfor PS Bryggekafé og ELØ. Vi set opp piknikbord inni teltet og det blir kun fire personar pr bord for å ivareta smittevern og sosial distanse, men vi satsar på at stemninga og kontakten vil bli god likevel. Maksimalt antal publikum pr kveld er 112 personar.  Opplegget er utarbeida i samråd med smittevernlegen, og vi tek omsyn til dei gjeldande smittevernreglane.

Sommar i Kråko er samansett av ymse arrangement i teltet frå 26. juni til 1. august, og det vert servering av mat og drikke ved borda i teltet.

Billettsalg er via tikkio.com og sidan det er svært begrensa med plassar i teltet, tilrår vi at du kjøper billett på førehand. Billettane vert lagt ut for sal på Tikkio etter kvart som dei blir stadfesta.

Sjå heile programmet for Sommar i Kråko på PS Bryggekafé si heimeside, klikk her!

Sommar i Kråko

Sommarkonsert i Kråko 2020 måtte dessverre avlysast grunna smitteverntiltaka i samband med COVID-19 pandemien.

Staut på Kråko 18 juli 2020

STAUT skulle vært hovudartist på Sommarkonsert i Kråko 2020

Meldinga frå Kulturminister Abid Raja er krystallklar: Det er forbod mot arrangement over 500 personar fram til 1. september. Dette medfører at vi må avlyse Sommarkonsert i Kråko 2020.
Dette er sjølvsagt ei trist avgjerd, men vi må prioritere omsynet til liv og helse.
Vi er svært takksame for engasjementet som folk visar for vår sommarkonsert, og mange hadde allereie sikra seg billett til årets sommarkonsert. Dei har fått pengane sine tilbake. Vi satsar på at tilhøva ligg til rette for ein ny sommarkonsert i 2021.

Vivian Steinsland

Før Staut skulle Vivian Steinsland ha spelt lune viser, både Johannes Kleppevik og eigne songar.

Værsgo . en hyllest til Kim Larsen

Etter Staut ville vi hatt det lokale bandet Værsgo – en hyllest til Kim Larsen, etterfulgt av låter med høg partyfaktor fram til midnatt.

Vamp

Sommarkonsert 2019

Hovedartist // Vamp

Support band // Ole André Westerheim med Queen Tribute og 80-talls party

1300 menneske skapte stor stemning på Kråko då Vamp og Ole André Westerheim spelte.

Sommarkonsert 2018

Hpvedartist // Ausekarane

Support band // Raitito’ern

Litt over 800 møtte opp på den aller første Sommarkonsert på Kråko!