Fuglar i Fitjarskjergarden

Det er mange vakre sjøfuglar i skjergarden kring Fitjar og i nærleiken av Kråko. Fotografen Jørn Olav Myhre har delt nokre blinkskudd med oss!

Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre

 

Hegre er ein fugl som har vorte svært tallrik i dei seinare åra.

I Kråko er hegra ofte å sjå, anten i fjæresteinane eller som her, høgt på eit berg eller eit tre.

Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre

 

Tjelden er ein kjær trekkfugl der han trippar så lett i strendene på jakt etter snigel, skjell og anna mat.

Terna er i faresona, og me er glade kvar gong me ser ei terne. Visste du at terna er blant dei fuglane som har lengst trekk, ho flyr heilt til det sørlege Afrika for å overvintra.

Skarvane held seg ute i havet om sommaren, men trekker inn mot land når det haustast. Når me ser skarven, er det eit sikkert teikn på at hausten og vinteren er på veg.

Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre

Kanskje ikkje like kjær som fuglane, men dei bur likevel her: Selen. Vi får tola å dela litt fisk med desse grasiøse dyra:

Foto: Jørn Olav Myhre
Foto: Jørn Olav Myhre