PS_Bryggekafe_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
PS Bryggekafé – ein samlingstad for både hyttefolk og fastbuande
 PS Bryggekafé

I hjartet av Kråko finn du PS Bryggekafé; i Port Steingard, som vi kallar næringsområdet på Steingardseid, midt i Kråko. For informasjon om åpningstider og spesialarrangement, sjå PS Bryggekafé si Facebookside

Her vert servert  mat som er laga med omtanke, langsamt og med lokale råvarer. Her vert alt laga fra botnen av. Brødet vert bakt av surdeig og Ingebjørg brukar to døgn fra ho startar deigen til dei herlige nybakte brøda kjem ut av steinovnen og er klar for salg. Menyen er enkel men god: pizza, eller suppe med brød. Og til kaffien kan du kosa deg med ei Kråkobolle, som er PS Bryggekafé sin eigen kanelbolle bakt med kjærleik, kanel og kardemomme som malast for hand, og glasert med en herleg kryddersirup i det dei kjem ut av ovnen. I frysedisken finn du økologisk iskrem fra Isrosa.

Hund_Samojed_Turkamerat_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
Bruk gjerne #kråkobjeff når du postar dine turbilder med hund i Kråko
Ut på tur

Fjell- og skogsområda i nærleiken av Kråko er populært for fotturar, jakt og fiske. Stord/Fitjar Turlag er svært aktivt og arrangerar fellesaktivitetar året rundt, og har ei innholdsrik nettside.

Og på Kråko kan du gå tur, både på vegane, i terrenget, eller om du vil, kan du og hunden balansere på ei gamal brygge…

Kråko-turen – UT.no

På UT.no sine sider finn du mange tips om fotturar, blant anna har Jørgen Tranøy lagt ut Kråko-turen som eit turforslag. Her er link til skildring og bilete frå Kråko-turen. På med skoa, finn fram termosen, og riktig god tur!

 

Padle_Kajakk_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
Padling er moro for både store og små, og Kråko er ein god stad for padleinteresserte
Padling

Fitjarøyane byr på eit rikt utval av kystopplevingar. Her er frisk, rein skjergard med høve for båtturar, dykking, kajakkturar, segling, bading, fiske og andre familievennlege aktivitetar. Kort avstand med båt til Fitjar sentrum og idylliske Brandasund og Bekkjarvik.  Engesundsleia dannar den indre skipslægja i vest. Herifrå ligg Fitjarøyane opne, øy etter øy, eit eldorado for rike opplevingar.

Padla kajakk er moro. Her er link til padlekart for Fitjar og Bømlo

Sigurd_Sele_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
Sigurd Sele på PS Bryggekafé i Kråko
Arrangement vinteren 2017/2018

PS Bryggekafé er staden for mange trivelege arrangement, òg utanom sesongen. Pubkveldane har vore ein møtestad for både hyttefolk og fastbuande.

I tillegg til dei faste pubkveldene, er det òg andre arrangement. I november 2017 var det intimkonsert med Sigurd Sele, og det var fullt hus og god stemning.

10. februar 2018 vert det PS på folkemunne, ein kveld fylt med lune historier, artige lokalhistoriske godbiter frå Sunnhordland og sjølvsagt tid til ein god prat med trivelege folk. Billettsalget er allereie godt i gang, billetter kan kjøpast på tikkio.com

Gardsmat_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
Lukkelege grisar gjev best kjøt
Fitjar Gardsmat

Hos PS Bryggekafé kan du òg kjøpa med deg heim pølser og andre kjøttvarer frå Fitjar Gardsmat!

Fitjar Gardsmat vart oppretta 2016 i samarbeid med Sverre Sæterbø, Oddvar De Fine og Margareth Tislevoll med mål om å selge kjøtt frå i hovudsak angus/svin.

Oddvar har ammekyr frå rasen Aberdeen Angus som har ein overlegen kvalitet. Kyrne blir fora på gras og utmarkressurser og har derfor ein stor andel av det sunne fettet omega 3. Sverre har griseproduksjon av Norturas sin edelgris, der han om sommaren har nokre utvalde griser ute. Der koser dei seg med å rota i jorda og ete gras og røter, og det vert det veldig godt kjøt av.

Fitjar Gardsmat er på Facebook, sjå her

Engesund_Fiskeoppdrett_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
Kortreist mat med høg kvalitet
Engesund Fiskeoppdrett

På PS Bryggekafé skal du òg etter kvart få kjøpa herlige lakseprodukt fra Engesund Fiskeoppdrett.

Engesund Fiskeoppdrett og Visningsanlegg er ope kvar dag i skuleferien, og elles i året kan ein ringe og bestilla omvisning. De serverar òg herlige smårettar basert på laks eller aure frå eige anlegg.

Ein veldig kjekk aktivitet for heile familien. Så ta med gjengen, reis og sjå korleis eit moderne lakseoppdrett vert driven! Dei henter dykk på kaia i Fitjar sentrum med eigen båt.

Du finn kontaktinformasjon, meny og prisar på deira heimeside www.engesund.no

Hund_tur_Kråko_Sjøhytteområde_Fitjar_hytte_sjøhytte_hytteliv
Ein tur i frisk luft gjer godt for både to- og firbeinte turkameratar
Kort reisetid

Reisetid frå Bergen er knappe 2 timer og frå Stavanger er knappe 3 timer. Reisetid til Fitjar sentrum er 10 minutt. Reisetid til Leirvik er 30 minutt. Vidare utbygging av stamvegsambandet mellom Bergen og Stavanger vil korte reisetidene ytterlegare, og om ein del år forventar vi ferjefritt samband på strekninga.

Du kan lese mykje om Fitjar på Wikipedia